mandag 19. mars 2012

De farlige interiørbladene....

SATANISKE VERK!Folkehelsa og kyrkja burde snarast fatte interesse for den veksande floraen av interiørmagasin.Dette er djevelens verk!!



HUS OG HELSE:Halvparten av landets vaksne innbyggjarar lever kvar dag med ei stor frykt og ei indre uro.Dei blir teppebomba med propaganda om at sofaen heime lenger ikkje er god nok,og at verdas beste stol å sitje  i ikkje har god nok design,eller at golvteppa  år skal vere i skarpe retrofargar.
 Folk er ikkje lenger trygge i sine eigne heimar.Interiørarkitektane lurer i kvar ein tv-kanal og i bladhyllene og gjer livet utrygt.Ingenting skal vare.Dette slit på mange.
 Eg har sett dei sjølv.Mennene som står på utsida av møbelbutikken og latar som om dei ikkje får start på bilen,medan ho må gå og kikke åleine.Det går sjølvsagt ikkje.Inn må dei likevel,til slutt.Då subbar dei fire skritt bak med eit tomt blikk og ein stein i magen.Det er vondt å sjå på.Eg har sett vaksne menn gråte når IKEA-katalogen kjem i posten.To dagar seinare sit dei i kafeen på IKEA og gret.
 Den største trusselen for helsa til desse stakkarane er interiørmagasina.Dei er mange,ufatteleg tjukke og utløyser apetitt på stadig meir.Det er narkotikum på papir.
 Interiørmagasina skriv om alt som er nytt,og har ei uvanleg sterk interesse for tal."18 stolar til kjøkkenet","43 deilige ulltepper til mørke haustkveldar" og "19 morsomme dobørster" er heilt typiske titlar du finn på framsida til desse magasina.Nokre av dei er så tjukke at det må gå med ei heilt grantre per trykt eksemplar.Men marknaden er aldeles umetteleg.
 Eg held interiørmagasin ansvarleg for å ha ført pynteputene til landet.Du veit,desse heilt unødvendige putene som er lina opp i sofaen og som ser ut til å formere seg sjølve der dei står.Det er kome heilt ute av kontroll.Det er ikkje lenger mulig å berre sette seg nedpå ein sofa,eller bikke seg bak i ein stol.Først må du rydde deg ein plass mellom pynteputene!Etterpå må du sette dei tilbake på plass.Og når du skal legge deg om kvelden er senga oppteken - av fire puter av ulik storleik med den største innerst mot sengegavlen.Det er lekkert - og totalt meiningslaust!
 Det er ikkje berre magasina i bladhylla som truer folkehelsa til ei så stor gruppe nordmenn.Overalt lurar farene.Interiørprogram går nonstop på dei fleste tv-kanalane,og kvar dag er postkassa full av reklame for nye morosame ting du kan kjøpe og skifte ut det du allerede har og er godt nøgd med.
Kanskje er du lur og klarer å få reklamen usett rett i blådunken.Du føler deg trygg den dagen.Du kan kose deg med tv og beina på bordet på kvelden.Då dukkar det sjølvsagt opp ei møbelreklame med massesuggerande musikk med teksten "Go sister,go sister" i bakgrunnen.I reklamen ser vi at kvinna føler seg åleine om å ønske å fornye heimen.At mannen er åleine om å meine at den tre år gamle sofaen er meir enn god nok,er ikkje nemnt med eit ord!
 For ei tid tilbake var eg på besøk hjå ein kamerat av meg.Eg hadde ikkje besøkt han på tre månadar.Sidan sist hadde alt i stova bytta plass.Absolutt ingenting stod der det før hadde gjort."Gøy å forandre litt" sa han tomt og monotont der han satt i den nesten nye sofaen - på heilt ny plass.Eg burda tatt grep og tatt han med ein plass der han kan få hjelp!
 Men eg sa berre:"Ja,og her kom sofaen meir til sin rett også"

             Jørn Helge Egset, Sunnmørsposten
                      ( jhe@smp.no)


Bare måtte dele denne artikkelen fra lørdagens Sunnmørspost med dere folkens - jeg synes det er knakande godt skrevet og jeg humret og lo og så for meg både stakkarslige mannebein på IKEA og pynteputer til den store gullmedalje!Det aner meg at mange må nikke gjenkjennende til mange av situasjonene beskrevet her, og GUD FORBY INTERIØRBLAD sier jeg bare!!!!Litt ironisk jeg også;)


Godt skrevet!!!

4 kommentarer:

  1. Hahaha... helt genialt skrevet og utrolig morsom:)
    Knaill at du deler:)

    Ønsker deg en glad ny uke:)
    Klem Marianne

    SvarSlett
  2. Hehehe :)

    Ja, vi snakker Ålens ;)

    God ny veke ♥

    SvarSlett
  3. Morsomt! Har en IKKE Ikea fan her...
    klem Hege

    SvarSlett

Jeg blir så glad når jeg finner kommentarer,legg igjen et spor du også:)
(Beklageligvis har jeg måttet sperre for anonyme,siden det kom så masse spam.)

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.