søndag 21. november 2010

Devold-fabrikken igjen...

Jada...det er ikke til å komme fori at jeg er stor Devold-entusiast,så nok en gang legger jeg ut et lite avisutklipp her på bloggen.Synes det er kjempeflott det som skjer her i bygda nå og artig å lese denne artikkelen som er fra Romsdals Budstikke:)

På ullshopping i Langevågen

Devold fabrikkutsalg: Eit yrande liv av kundar sjølv på ein måndags føremiddag. Alle foto: Iver Gjelstenli


70 prosent rabatt? Det er nesten gratis! Eg fyller opp i handlekorga med ullklede. Lange og korte underbukser, ulltrøyer med lange og korte ermar, genser, lue, hals, sokkar ...
Ullhandel. No skjønar eg kva dei snakkar om, damene som skryter av at dei har svart belte i shopping. Eg nærmar meg kassa med kroppen full av adrenalin og ei handlekorg som renn over av mange ting eg må ha og ein god del ting eg absolutt ikkje må ha, men som likevel er kjekt å ha.
Ei blanding av fornuft og redsle for manglande dekning på kortet får meg til å ta ei runde til mellom kasser og reolar med fargerike freistingar. Når eg til slutt får sluttsummen og tastar pinkoden skjønar eg at eg har gjort ein god handel, men ristar likevel på hovudet av med sjølv når eg ser at summen langt overstig det eg hadde tenkt meg. Det er vel slik ein shopolikar har det. Handlar varer til låge prisar, men i slike mengder at kontoen likevel blir tømt ...
Outlet. Når handlinga er unnagjort, kan eg sjå meg omkring på det store og imponerande området ved sjøen i Langevågen. Devold fabrikkutsalg er berre ein av mange opplevingar ved det som tidlegare var Devold Ullvarefabrikk med tradisjonar tilbake til 1853.
– Dette skal bli eit stort “outletsenter”. Det vil seie ei samling butikkar som tilbyr merkevarer med frå 20 til 70 prosent rabatt. I tillegg til Devold fabrikkutsalg har vi Kosta Boda & Orrfors, Bergans og meir kan det bli. Devoldfabrikken inneheld også Devold Museum, Inger Giske Ødegaards atelier, Devold kafé, Devold kurs- og konferansesenter, Kølboden Selskapslokaler, treningssenter, kontor- og næringslokale, Devold AMT og Devold of Norway, opplyser dagleg leiar i Devoldfabrikken, Benthe Langeland.
Utbygging. Eg rekk ein interessant runde på museet og ein tur på det fine utearealet ved sjøen med utsyn over fjorden til Ålesund og Breisundet mot Hareid før eg avsluttar med god mat på Devold Kafé.
Neste gong bør eg nok sette av meir tid. Benthe Langeland kan fortelje om mange framtidsplanar. Snøhetta arkitektkontor har laga planane for nye Devoldfabrikken.
– Nytt inngangsparti, ny butikk for Devold fabrikkutsalg, fleire outletbutikkar, kultur og handverk og nye opplevingar ute og inne. Kom og sjå, kom og opplev, seier Benthe Langeland.






Devold fabrikkutsalg

  • Kva: Devold fabrikkutsalg, Bergans febrikkutsalg, Kosta Boda & Orrfors, Devold Kafé, Devold Museum og mykje anna.
  • Kvar: Langevågen på Sula.
  • Reisemåte: Privatbil, buss eller buss til Ålesund og båt til Langevågen.
  • Mat og drikke: Devold Kafé.
  • Sesong: Heile året.
  • Opningstider: Måndag - onsdag og fredag: 10 - 16.30. Torsdag: 10 - 18. Laurdag: 10 - 15. For opningtider etter nyttår, sjå nettsida!
  • Nett: devoldfabrikken.no

3 kommentarer:

  1. Oj, det såg roligt ut...
    har aldrig varit på en ullmarknad...
    kram ullamaria

    SvarSlett
  2. Du Tove....jeg ser deg levende for meg. Ha en herlig uke min venn, fryse skal du vel ikke...varm klem fra meg

    SvarSlett
  3. Ohoi, der skulle jeg gjerne vært! Skjønner du shoppet stort og godt. :)

    SvarSlett

Jeg blir så glad når jeg finner kommentarer,legg igjen et spor du også:)
(Beklageligvis har jeg måttet sperre for anonyme,siden det kom så masse spam.)

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.